Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
   


Info til dei som skal besøkja Skipshelleren

 Hent opp eige dokument her.


Kunnskap om Steinalderen
Kunnskapsløpftet seier at elevane skal ha kunnskapar om steinalderen. Steinalderen skulle høva særs godt som temaarbeid. Ei fin avslutning på eit slikt temaarbeid vil vera eit besøk i Skipshelleren, der ein kan drøyma seg attende til steinalderen, då menneska hadde heilt andre vanskar i livet enn dei me strir med. Kampen for å finna noko å metta seg med, t.d. ....


Litt om korleis opplegget vårt fungerer
Når skuleklassen kjem til busshaldeplassen på Straume, vil guiden som skal leia opplegget vera til stades for å ta i mot dei. Til vanleg har me ei kort orientering (10-15 minutt) om Straume, der me også fortel litt om landskapsmuseet.
Deretter går me ned til sjøen, der det er bord og bålplass. Her er utgangspunktet for elevaktivitetane, som til vanleg omhandlar "arbeid" på 4 stasjonar:  pil og boge, jeger og villsvin, å laga helleristing  og utholing av båt.  Elevane vert delte i grupper, og ein arbeider 5-10 minutt på kvar stasjon.
 
Etter at ein har avslutta arbeidet på stasjonane, vert det felles matøkt. Guid syter for at det er fyr på bålet, slik at dei som vil t.d. kan spidda pølser. Pinnebrød-deig vert også laga av guide, slik at dei som ynskjer det kan steikja seg pinnebrød på bålet.
 
Me går så i samla flokk opp til Skipshelleren  der me samlast.  Her fortel guiden soga om Skipshelleren. Her er det laga gravekasser slik at ein kan grave etter ting i bakken.

Dersom det er tid til det før klassen reiser heim, høver området godt til fri leik.


Alternative opplegg med større elevgrupper
Me har erfaring med at dersom opplegget skal fungera optimalt, bør det ikkje vera meir enn 15-20 elevar til stades på ein gong. Den ideelle gruppa er 12-15 elevar. No har me ofte hatt meir enn 20 elevar på besøk, og me har då gjort det på ein av følgjande måtar:


  1. Felles orientering om området. Alle går så samla bort til Skipshelleren. Halvparten går ned til sjøen med den eine guiden. Dei driv med stasjonsarbeid og lagar bål.  Den andre gruppa vet att med ein guide oppunder Skipshelleren. Her  fortel guiden soga om Skipshelleren. Her er det laga gravekasser slik at ein kan grave etter ting i bakken.  Så et ein nista si i lag nede ved sjøen og bytter om slik at nokon går opp i Skipshelleren og dei andre jobbar med stasjonar.

  2. Etter felles orientering ved busshaldeplassen, deler ein gruppa i to. Den eine gruppa går opp på Skipshelleren, medan den andre gruppa kan vitja Straume skulemuseum (omlag 400 meter frå haldeplassen), der ein finn mykje interessant frå skuletida i eldre tid.  Dersom ein skal innom her trengs det ein  ekstra guide. Gruppa frå skulemuseet går deretter bort til Skipshelleren, der ein har felles matøkt saman med gruppa som no er ferdig med "steinalder-opplegget".

Aktuelle besøksperiodar
Før om åra har det vore vanleg å bruka undervisningsopplegget på våren, frå mai og ut skuleåret. Slik vil det vera i år også, men perioden frå skulestart og ut september kan faktisk vera like aktuell.


Kostnader
Pr. 01.08.2016 er prisane slik:


  • Pris pr elev kr 140,-
  • bålgrop inkludert fisk kr 30 pr elev

  • Det vert sendt rekning til besøkjande skule etterskotsvis.


Digitale bilde !

Omvisarane kan ta digitale bilete frå besøket til den einskilde skulen, og senda desse til skulen på CD etter besøket. Pris kr 500 pr oppdrag.


Kontaktpersonar

NAMN ARBEIDSTAD TELEFON Mobil
Anita Vik, (guide) Stamnes skule, lærar
99361914




Evy Beathe Kvamme Konsulent Samfunnsutvikling
93645297




 
        Rediger