Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
   


Kart
 
Klikk på kartet for å visa større kart!
 
Offentleg kommunikasjon
Skal ein koma seg til buplassen med offentleg kommunikasjon, er det best å ta tog til Dale (på Bergensbanen), og vidare buss (Modalen-Eksingedalen Billag) til Dæmring, like ved Bolstadstraumen bru.  Her går det merka gangsti opp til Skipshelleren (omlag 300 meter).
 
Eigen bil
Med eigen bil tek ein av frå stamvegen, E16, i krysset på Dalseid.  Krysset ligg omlag 3 km nord for Dale sentrum, retning Voss.  Frå krysset kjører ein om lag 6 km vidare på riksveg 569, til skilt like ved Bolstadstraumen bru.
Ein kan også koma til helleren frå nord, ved å koma frå Eksingedalen eller Modalen.
Sykkel
Dersom ein er komen til Dale, syklar ein nordover langs den gamle riksvegen frå Dale sentrum.  Denne ligg på høgre sida (aust) av jarnbanelina.  Etter at ein har kryssa E16 (undergang), tek ein av nordover på venstre sida (vest) av Bolstadfjorden.  Frå stamvegen er det om lag 6 km (rv.569) til gangstien ved Bolstadstraumen bru.
Som med bil, er det også mogeleg å koma til Skipshelleren frå nord.
 
 
 
 
 
 
 
 
Med båt
Med båt kan du også nå Skipshelleren frå sjøen.  Det er laga eigen kai med plass til båtar opp til ca 40 fot.
Sjå på sjøkart kva lei som må brukast.  Det er stri straum og mange grunner i området.  Fetabrua ved  
Stamnes skule har berre 7 m seglingshøgde.  Seglbåtar kjem difor ikkje inn.
Nede vede kaien og sjøen ligg eit fint grindbygg og det er eit toalett som er ope for alle.  Hugs å ta med  avfall og rydda etter deg når du har vore der.

 
        Rediger