Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
   

Skipshelleren på Straume, Vaksdal kommune, fangstbuplass frå forhistorisk tid med eit opp til 1,70 m tjukt kulturlag, der det eldste sjiktet skreiv seg frå steinalderen og inneheld betydelege mengder oldfunn og dyreknokler, især hjort, fjordsel og villsvin. Der finst og restar etter sau, geit og ku." 
(Kjelde: Aschehoug og Gyldendals Store Norske Leksikon.)
 
Namnet Skipshelleren
er truleg frå mellomalderen. Namnet kjem av at her drog vossingane opp skipa sine, anten i vinteropplag, eller for å ta seg vidare innetter til fots. Men Skipshelleren er mykje meir spennande enn namnet skulle tilseia.....
 
Dimensjonane
Når ein ser Skipshelleren litt på avstand, ser ein ikkje noko anna enn ei bratt fjellside med overheng. Kanskje ein undrar seg på korleis plassen har fått "heller" i namnet sitt! Men kjem ein inn på sjølve hellergolvet, får ein eit anna inntrykk! Då føler ein det som ein er inne i eit kjempestort rom, med eit kjempehøgt tak over.
Avstanden frå inst i helleren til open himmel (dråpefallet) er om lag 15 meter på det lengste! Takhøgda er endå meir imponerande: heile 30 meter!
 
Klimaet
Når ein kjem inn på hellergolvet, er ein brått i ly for både vind og regn! Golvet er heilt tørt, så tørt at når ein spenner i den oskegrå sanden, lagar ein støvsky same kva tid det er på året.
Etter alt å døma var Skipshelleren ikkje nokon heilårs bustadplass.  Ein reknar det som sannsynleg at folket flytta inn hit tidleg på våren, og reiste lenger ut mot kysten att på seinhausten.
Sjølve helleren er ganske avsola, noko som har sine fordelar, ikkje minst med tanke på oppbevaring av mat.
 
Plante- og dyreliv
Då det er heilt tørt på sjølve hellergolvet, veks det heller ingen plantar der. Ovanfor og rundt helleren er det likevel eit rikt planteliv, med mange ulike tre- og planteslag. I eldre tider var her eit rikt dyreliv i området, og dyr som villsvin, bjørn og hjort var her mykje av. Hjort finst her også i dag i store mengder.
 
 
 
Fjorden
Nedanfor helleren ligg nedre del av Bolstadstraumen. Her møtest elva Vosso og Osterfjorden. Dette gjev ei blanding av ferskvatn og saltvatn, i tillegg til spesielle straumtilhøve. I desse vasstilhøva var det i si tid eit yrande fiskeliv, noko funna under Skipshelleren har gjeve klåre prov for. Heilt opp til dei seinaste tiåra har t.d. laksen vore ei viktig attåtnæring for bøndene i området. Funna syner også at det i eldre tider har vore mykje sel i fjorden.
 
 
Kvifor buplass
Det rike fiske- og dyrelivet i fjorden og det mangeslungne plante- og dyrelivet på land, er nok den viktigaste forklåringa på kvifor folk busette seg på Skipshelleren i steinalderen, for opp til 7000 år sidan. Sjølvsagt var det også viktig at ein fann ein slik høveleg buplass i området. Dei tidlegare nemnde verrtilhøva gjorde også sitt til at plassen var attraktiv som buplass.
 
Utgravingane
For om lag 70 år sidan gjorde arkeologar frå universitet i Bergen utgravingar i området. Utgravingane var eit resultat av at lokale folk hadde sendt inn funn frå området rundt Skipshelleren som dei meinte måtte vera av interesse for universitetet.
Dei fekk rett! Under utgravingane frå 1930-31 fann ein rundt 175 000 bein og beinsplintar av dyr. Av desse var ein liten prosent frå fugl, noko meir frå fisk, men mesteparten frå pattedyr. Sjølv om ein fann ein del reiskapar av stein og flint, tykkjest det vera tydeleg at horn og bein var det viktigaste reiskapsmaterialet til steinalderfolket.
 
  
 
 
 
 
 
 
God utnytting av ressursane
Golvet i helleren var eigentleg ein avfallsdunge, og etter som ein grov seg nedover lag for lag, tidsepoke for tidsepoke, kunne ein stadfesta korleis livet hadde vore for menneska som hadde budd der opp gjennom tidene. I alle lag fann ein synlege prov på at folka som hadde budd der hadde livnært seg av jakt, fangst og fiske. Både dyra og fisken vart nytta vel: kjøtet vart brukt til mat, beina til reiskapar og skinnet til klede. Folket under helleren må ha vore særs flinke til å fanga hjort og sel, desse artane utgjer det meste av funna frå utgravingane. Sjølve jaktmetodane var det vanskeleg å finna prov på under helleren. Kanskje de kjem på ein lur metode når de får sjå området rundt helleren?
 
Havnivået før og no
Når ein snakkar om ein tidsperiode på 7000 år, er det klårt at det har vore endringar i og rundt sjølve buplassen, både når det gjeld klima og topografi (korleis landskapet er forma). Til dømes har ein funn som syner at sjøen stod bort i mot 20 meter høgare enn i dag, med andre ord berre like under det nederste laget i hellergolvet. På eit vis kan ein seia at maten symde like forbi "stovegolvet"!
 
Mange uløyste gåter
Korleis kvardagen arta seg under helleren veit ein sjølvsagt lite om i dag.  Steinalderfolka sine skikkar og levemåtar er det umogeleg å gjenskapa autentisk.  Ein har heller ikkje funne nokon gravplass i området kring helleren, men på byrjinga av 1950, altså omlag 20 år etter utgravingane, fann nokre born ein hovudskalle tett ved utgravingsplassen.  Hovudskallen er datert attende til omlag 2300 f.Kr., og ein har funne at den er av ein gut i 6-8 års alderen.  Skipshelleren er blitt den vesle guten sin siste kvilestad, men korleis dette har gått til er ein av dei mange uløyste gåtene knytt til denne spanande plassen.
Ein har heller ikkje funne helleristingar i nærområdet.  Kanskje ein ikkje har leita på dei rette plassane ........ ? Dei næraste er i Mostraumen om lag 15 km unna i samme fjordsystemet.
 
 
 
Sjå Universitetet i Bergen sin historie om utgravingane og livet ved Skipshelleren.
 
 
Under er nemnt fleire gode kjelder til stoff om steinalderen og Skipshelleren, men ei bok som utmerkar seg i positiv lei er Strilesoga Band 1.
 
TITTEL ARTIKKEL FORFATTAR SKIPSHELL ÅR TYPE
Hordaland og Bergen (i serien "Bygd og by i Norge) Hordaland i førhistorisk tid Svein Iindrelid (Gunnar Hagen Hartvedt, red.) 199-222 (206-207, 210) 1976 Bok
Vaksdal bygdebok, band III, Stamnes sokn Gardsnr.49, Straume Brita og Ivar Skre (redaktørar) 383-392 (383-384) 1965 Bok
Vaksdal bygdebok, band IV, Allmenn bygdesoge Steinalder og bronsealder Brita Skre 33-49 1987 Bok
Strilesoga (Nord og Midthordland gjennom tidene), band 1, Frå steinalder til vikingtid   Svein Indrelid 53, 55- 63, 67, 79-80, 82, 152, 154 1996 Bok
Sipshelleren - bustad i meir enn 5000 år   Arthur Fasteland   1980 Hefte
Kulturhistorisk vegbok - Hordaland Div. artiklar Svein Indrelid (hovudsakleg) 29-30, 37, 39, 334, 335, 341, 422, 429 1993 Bok
AREKEO (utgjevar: Bergen Museum) Div. artiklar Div. forfattarar     Tidsskrift

 
        Rediger