Stor pågang i Skipshelleren i 2010
 
Det er aukande interesse for Skipshelleren som friluftsområde. 

 

Bruk av Skipshelleren er regulert med eigen avtale mellom grunneigarene og Vaksdal kommune.  Vaksdal kommune si undervisning av skuleborn kjem i fyrste rekkje.   

Her ei fritt tilgjenge, men det er ikkje lov å campa eller overnatta der utan avtale med Vaksdal kommune.  Dersom du vil ha eit arrangment eller ein blåtur, så må du melda frå til kommunen på tlf 56594400.  Det er kanskje alt nokon som har bestilt området. Sjå  meir info om dette her.
 
Me har også i 2010  det vanlege opplegget vårt med guiding av skular i Skipshelleren i mai og deler av juni.   I mai-juni haddeme ca 15 skular, fortel sjefsguide Anita Vik som er frikjøpt som lærar frå Stamnes skule og skal jobba ein månad kun i Skipshelleren. Miljøvernrådgjevar Sveinung Klyve er også med som guide på større grupper.
 
4 skular har alt vore på besøk hjå oss fortel Anita Vik. Haus skule var fyrst ute i år den 4. mai.  Sjå bilde under.  Sjå video frå Vangen skule på Voss sitt besøk i Skipshelleren mai 2009.
 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
Innleiing
Desse sidene skal gje informasjon om den unike steinalderbuplassen Skipshelleren på Straume i Vaksdal kommune i
Hordaland fylke. Her har ein funne spor etter menneske som har budd under helleren sidan isen frå siste istid trekte
seg attende. Dei eldste funna er frå eldre steinalder, nærare bestemt tida omkring 5200 f.Kr.

 

Undervisningsopplegg
Midt på 1990-talet fekk Vaksdal skulekontor utarbeidd eit undervisningsopplegg med Skipshelleren som utgangspunkt. Dette opplegget har vore brukt i åra sidan, hovudsakleg i mai-juni. Opplegget er blitt svært godt motteke, og kvar vår kjem skular frå ulike stader i Hordaland på besøk. Det syner seg at særleg skular som har vore på besøk tidlegare, kjem att med nye klassar år etter år.  Les meir under undervisningsopplegg.



Generelt
Me syner elles til dei ulike sidene her, der ein kan få opplysningar om m.a. sjølve buplassen, kart over området, korleis ein kan ta seg fram til helleren, kjeldestoff, aktuelle lenker til temaet steinalderen og til Straume landskapsmuseum, som Skipshelleren er ein viktig del av. 
 
 


Opplegg i Skipshelleren 2010
Jernalderdagar på Tettaneset 29-30.9.09
Atle O. Bolstad - er gått bort
Stor pågang i Skipshelleren våren 2009
Fjordkulturdagar 8-9. oktober 2008
Skular i Skipshelleren 2008
Vikingdagar på Stamnes sept 2007
STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 26-27.10 2006
Skular i Skipshellaren 2006
Dale mannskor syng