Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
 
NYTT


Vikingdagar på Småbrekke 2016

Video om ein dag i Skipshelleren

Opplegg i Skipshelleren 2017

Fjordfiskedagar med Brørvikskuto 2015

Kulturminnedagar på Straume 1-2.10.2014

STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 2013

På historisk grunn i Eksingedalen 2011

FJORDFISKEDAGAR MED BRØRVIKASKUTO 2010

Video frå Småbrekke villmarksleir i Bergsdalen

Jernalderdagar på Tettaneset 29-30.9.09

Atle O. Bolstad - er gått bort

Stor pågang i Skipshelleren våren 2009

Fjordkulturdagar 8-9. oktober 2008

Skular i Skipshelleren 2008

Vikingdagar på Stamnes sept 2007

STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 26-27.10 2006

Skular i Skipshellaren 2006

Dale mannskor syng

     


STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 2013

Tekst og foto: Sveinung Klyve
-Elleville jubelrop og aktive ungar på jakt etter steinalderen.
85 ungar  frå skulane Eksingedalen,

Stamnes, Dale og Stanghelle var i forrige veke med på steinalderdagar i  Skipshelleren på Straume. Frå Hordamuseet kom arkeologane Espen Kutschera og Ole Mikal
Ramsøy I tillegg var dei lokale guidane Anita Vik, Sveinung KlyveProsjektet er  ein delav den kulturelle skulesekken i Hordaland. 


400 grader i bakken:
Det fyrste ungane fekk vera med på var å koka mat i ei

kokegrop.  Eit hol i bakken var gravd opp
og på sidene og i botnen var det lagt stein. 
Så vart det fyrt opp eit  bål  i gropa. 
Opptenninga skjedde med bruk av flint og knusk, slik dei gjorde det i
steinalderen. Det var jubel blant ungane då gnisten endeleg gav fyr  på bålet. 
Etter halvannan time med  hard
fyring var steinane i gropa rødglødande og askerestar vart fjerna. 4 ekte ville
vosso-laksar som forskinsfiskar Eirik Normann hadde
fått vart steikt. Fisken vart lagt i folie og dekka med varm stein og torv på
toppen som lok.  Nedi ei slik grop er det
om lag 400 grader som i ein steikeomn, og ein høyrde korleis det putra. Etter
ein halvtime var maten klar og ungane storkoste seg og likte den saftige
laksen.  -Det beste eg har smakt av fisk,
vart det sagt av mange.

Pil og boge:

Ein populær aktivitet var det å

skyta med pil og boge.  Det vart brukt
skikkelege trebogar laga av ask eller barlind. Pilene var av tre med ekte
styrefjør på.  Ungane lærte fort at dette
er eit farleg våpen. Pila fekk stor fart 
på veg mot målet, som var ein hjort som var teikna på ei mjuk
plate.  Eit stort  nett var sett opp for å fanga pilane slik at
dei ikkje vart borte i  skogen.  Pil og boge krev trening og  teknikk for å spenna bogen og styra pila på
rett plass, så dette var berre ein smakebit på noko veldig kjekt.  Ungane fekk også prøva kastespyd, der ein
brukar eit trestykke til å kasta eit spyd med. Dette er vanskeleg,  men nokon fekk det til og då gjekk spydet
borti 40 m.


Helleristingar og flintkniv:

Å ha med seg noko heim for å

visa foreldra er alltid kjekt for ungane. 
Dei fekk laga sitt eige kunstverk 
med helleristingar  på.  På skiferplater var det  utfresa 
teikningar  med motiv frå gamle
helleristingar  som er funne ulike stader
i Norge.  Ungana la eit  kvitt ark over og  brukte fargeblyantar på.  Dei fekk då fram eit fint motiv.  Ein kan også bruka gras eller mose og får då
fram fine naturfargar.   Truleg er det no
mange heimar som har fått seg nye maleri på veggen, og eit varig minne om turen
i Skipshelleren.
 Av andre aktivitetar var  å få
prøva flintkniv for å spikka bark og mønster på ein trepinne.  Det var også demostrert korleis ein kan felle
eit tre med bruk av ei enkel øks laga av grønstein.  Ein tur opp under sjølve Skipshelleren for å
høyra om korleis folk levde her for 
5 000 år sidan og korleis arkeologane grov ut staden, var også
populært blant ungane. Aktiviteten med den nye jungelløypa med tau i trea, gav
mykje lyd og fungerte som pausetrim mellom øktene.

Ungane var så ivrige og oppslukte i aktivitetane  dei to dagane at dei ikkje ville heim att.

Tilbakemeldinga frå skulen og foreldra var eintydig.  Dette var heilt topp og dei ynskjer å komma att.  Hordamuseet 
skrytte av opplegget til Vaksdal kommune og ser med glede fram til liknande
opplegg neste år.


 
        Rediger