Startside Om Skipshelleren Om Straume landskapsmuseum Tilkomst Undervisning Fotoalbum Lenker Kontakt oss
 
NYTT


Vikingdagar på Småbrekke 2016

Video om ein dag i Skipshelleren

Opplegg i Skipshelleren 2017

Fjordfiskedagar med Brørvikskuto 2015

Kulturminnedagar på Straume 1-2.10.2014

STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 2013

På historisk grunn i Eksingedalen 2011

FJORDFISKEDAGAR MED BRØRVIKASKUTO 2010

Video frå Småbrekke villmarksleir i Bergsdalen

Jernalderdagar på Tettaneset 29-30.9.09

Atle O. Bolstad - er gått bort

Stor pågang i Skipshelleren våren 2009

Fjordkulturdagar 8-9. oktober 2008

Skular i Skipshelleren 2008

Vikingdagar på Stamnes sept 2007

STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 26-27.10 2006

Skular i Skipshellaren 2006

Dale mannskor syng

     


STEINALDERDAGAR I SKIPSHELLEREN 26-27.10 2006

Korleis koka maten i eit hol i bakken, skyta med pil og boge og laga eigne runeteikningar ?


  

400 grader:


60 ungar  frå skulane Stamnes, Eidsland og Vaksdal var forrige veke med på steinalderdagar i  Skipshelleren på Straume. Frå Hordamuseet kom Espen Kutschera og Ole Mikal Olsen for å vurdera Vaksdal kommune sitt opplegg i Skipshelleren,  og å utprøva nye ting.  I tillegg var dei lokale guidane Anita Vik, Sveinung Klyve og Eidrun Straume Normann  med.


Prosjektet er  ein del av den kulturelle skulesekken i Hordaland. 


Det fyrste ungane fekk vera med på var å koka mat i ei kokegrop.  Eit hol i bakken var gravd opp og på sidene og i botnen var det lagt stein.  Så vart det fyrt opp eit  bål  i gropa.  Opptenninga skjedde med bruk av flint og knusk, slik dei gjorde det i steinalderen. Det var jubel blant ungane då gnisten endeleg gav fyr  på bålet.  Etter halvannan time med  hard fyring var steinane i gropa rødglødande og askerestar vart fjerna. Eirik Normann hadde vore ute på fjorden samme morgon og fått 40 fine makrellar. Fisken vart lagt i folie og dekka med varm stein og torv på toppen som lok.  Nedi ei slik grop er det 3-400 grader som i ein steikeomn, og ein høyrde korleis det putra. Etter eit kvarter var maten klar og ungane storkoste seg og likte den saftige makrellen. 

  
 

Pil og boge:


Ein ny populær aktivitet var det å skyta med pil og boge.  Det vart brukt skikkelege trebogar laga av ask eller barlind. Pilene var av tre med ekte styrefjør på.  Ungane lærte fort at dette er eit farleg våpen. Pila fekk stor fart  på veg mot målet, som var ein hjort som var teikna på ei mjuk plate.  Eit stort  nett var sett opp for å fanga pilane slik at dei ikkje vart borte i  skogen.  Pil og boge krev trening og  teknikk for å spenna bogen og styra pila på rett plass, så dette var berre ein smakebit på noko veldig kjekt. 

 

Helleristingar:


Å ha med seg noko heim for å visa foreldra er alltid kjekt for ungane.  Dei fekk laga sitt eige kunstverk  med helleristingar  på.  På skiferplater var det  utfresa  teikningar  med motiv frå gamle helleristingar  som er funne ulike stader i Norge.  Ungana la eit  kvitt ark over og  brukte fargeblyantar på.  Dei fekk då fram eit fint motiv.  Ein kan også bruka gras eller mose og får då fram fine naturfargar.   Truleg er det no mange heimar som har fått seg nye maleri på veggen, og eit varig minne om turen i Skipshelleren.

 

Av andre aktivitetar var  å få prøva ulike økser i stein, bein  og flint for  å hola ut ei trestamme til båt.  Det var også demostrert korleis ein kan felle eit tre med bruk av ei enkel øks laga av hjortehorn.  Aktiviteten med  jeger og villsvin gav  mykje lyd og trim for då skulle ein fanga inn medlevane, som var eit villsvin. 

  

Ein tur opp under Skipshelleren for å høyra om korleis folk levde her for  5 000 år sidan og korleis arkeologane grov ut staden, var også populært blant ungane.


Ungane var så ivrige og oppslukte i aktivitetane  dei to dagane at dei ikkje ville heim att. Tilbakemeldinga frå skulen og foreldra var eintydig.  Dette var heilt topp og dei ynskjer å komma att.  Hordamuseet  skrytte av opplegget til Vaksdal kommune og håpar at også dei er attende på liknande opplegg neste år.


 
        Rediger